Forside

Dysjaland Gard er ein levande Inn på Tunet gard. Her har me spesialtilpassa og bygd om driftsbygningen for å kunne tilby eit kvalitetssikra Inn på Tunet tilbod. Og det er bygd opp eit handikapptilpassa ridesenter – Rogaland Terapisenter!  

Med fokus på eigeninnsats, meistring og positive opplevelsar i lag med dyr, tilbyr me tilrettelagte aktivitetar til alle, uansett funksjonsnivå.

Mennesket har behov for kontakt med dyr. Nær kontakt med dyr i eit kulturlandskap godt tilrettelagt for riding og meistring gjev livsglede. Me på Dysjaland Gard veit det ligg mykje livsglede i å sette seg opp på hesteryggen, stryke hestemulen og seie takk for turen. Og å få vera med på stellet av den firbeinte, gode turkameraten etterpå. Det handlar om å kjenne at ein meistrar utfordringa og oppgåva. Det er livsglede.

Her er plass og tid til å bli godvenner med dei små dyra. Lukka og gleda kan vere å kjenne den mjuke kaninpelsen og opprette nærkontakt med eit av dei mange dyra på Dysjaland Gard.

Garden har og meir å by på med juletreskog, ridesti og ein lett tursti frå gardstunet, rundt Dammen der endene held til. Det er mange ulike treslag og eit rikt fugleliv, her vil du føle naturen tett innpå deg. Det er livsglede og livskvalitet.

Me på Dysjaland Gard vil vera med på å gjeva deg grøn omsorg.