Dysjaland Gard

Vel gjennomført Ridecamp 2014!

I år, som ifjor, arrangerte Rogaland Westernklubb saman med NQHA ein AQHA Ridecamp den 13.-17.august. Det var 17 ekvipasjar, med variert nivå på både hestar og ryttarar. Quarterhestar, Nordlandshest, Islandshest, Paint, blandingshestar av varmblodstravar, oldenburger, paint… Mangfoldet og spekteret var rikt, og samtlige hestar oppførte seg eksemplarisk!

Me var heldige å få 4 dyktige trenarar frå USA, samt ein representant frå AQHA. Programmet varte frå tidleg morgon, til seine kvelden, med stor variasjon og vel gjennomførte leksjonar. Eg trur samtlige ekvipasjar lærte mykje, og har fått enda meir å jobbe med.

Stor takk til alle deltakarar, trenarar og AQHA for at Rogaland Westernklubb atter ein gong fekk arrangere Ridecamp!

Film frå Ridecampen: Ridecamp 2014

link til American Quarter Horse Association 

link til Norwegian Quarter Horse Association

Ridecamp lagbilete