Dysjaland Gard

Snowslide I & II – stevnesesongen 2015 er igang

Stevnesesongen er endelig igang, og fyrste stevne 2015 vart avholdt på Lykseth gård på Hamar. Ein god gjeng frå Rogaland Westernklubb satte kursen austover, med mål om gode prestasjoner, godt samhold og sjølvsagt positive opplevelsar. Og gjett om me fekk innfridd ynskjet. For ei fantastsik helg 🙂

Takk til alle i Rogaland Westernklubb, både reisande og dykk heime som fylgte med via facebook, helga vart perfekt.

Dysjaland ryttarane kom alle heim med fantastisk gode resultat. Med 1.plasser til både Leíf, Lena og Jan Petter. Alva fekk ein solid 3.plass og to gode 5.plassar.