Inn på tunet

”Inn på tunet forener gårdens ressurser med storsamfunnets behov for alternative arenaer for barn, unge og vaksne. Meningsfylte aktiviteter utan arbeidspress, men med mestringsopplevelser og læring gjennom praktiske og sansefylte opplevelser; er noe av det som tunet og gården er et utmerket utgangspunkt for.”
Utdrag frå veileder- for utvikling og samarbeid mellom kommuner og gardsbruk

Kva er Inn på Tunet?

Nasjonal definisjon:

“Inn på Tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra tenestetilbod på gardsbruk. Tilbodet skal gje meistring, utvikling og trivsel og deltakarane.

Gardsbruk er ein eigedom som benyttast til jord-, skog- eller hagebruk. Aktiviteta i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.”

For å bli godkjent som IPT-tilbydar må det oppfyllast konkrete krav i KSL-standarden til Matmerk. I godkjenningsprosedyren vil gardsbesøk og oppfølging av ein KSL-revisor inngå.

Dysjaland Gard vart godkjent og kvalitetssikra som Inn på Tunet tilbydar 24.09.12, med fornya godkjenning september 2014.

Inn på tunet – er eit tilbod på gardsbruk for enkeltmenneske eller grupper. Aktivitetane i tilbodet bygger på gardens og bondens ressursar. Tilbodet er tilrettelagt i forhold til målgruppe/brukar. Dette kan være eit utdanningstilbod knytta til skulen eller aktivitets- og arbeidstreningstilbod gjennom helse- og omsorgstjenesta i kommunen.

Gardsmiljøet åpner for mange muligheiter ved utforming og tilrettelegging av det enkelte tilbod. Tilboda kan vere enkeltståande besøk, men oftast er det timebaserte dagtilbod som går gjennom heile året.

Tilboda baserer seg i hovudsak på eit samarbeidsforhold mellom gardbrukar og kommunen/institusjonen. Dei fleste tilbod er knytte til heimkommunen, men det kan òg vere på tvers av kommunegrenser og tilbod som krev lengre reiseveg. Det er kommunen/institusjonen som står faglig ansvarlig, og kvalitetssikringa og øvrige rammer av tilbodet skal vere regulert i ein samarbeidsavtale.

Kva kan Dysjaland Gard tilby?

Dysjaland Gard kan tilby tilrettelagte aktivitetar, sysselsetting og arbeidstrening for fleire brukargrupper med ulike behov. For å kunne motta tilbod, må ein vere busett i Sola Kommune.

Her er det garden og aktivitetane som vert tilpassa den enkelte, ikkje brukaren som må tilpasse seg tilbodet. Dette gjer tilbodet på Dysjaland Gard unikt.

Det vert tilrettelagt aktivitetar som riding, turar både med og utan hest, stallarbeid og stell av hestane. I tillegg til arbeidstrening, med fokus på gardsarbeid, snekring og dei utfordringane garden og årstidene byr på.

Å tilberede mat for å servere og ete ilag med andre, er òg ein viktig del av det Dysjaland Gard ynskjer å tilby. Her er det ikkje arbeidspress men meir fokus på samhald og sosialt samvær med både menneske og dyr.

Ynskjer du å benytte tilbodet på Dysjaland Gard, må du ta kontakt med bestillerkontoret i Sola kommune:

Besøksadresse: Helsehuset, Soltunvegen 8, 4050 Sola
Postadresse: Sola kommune, Postboks 99, 4097 Sola
Telefon: 51 65 35 50 eller faks: 51 65 30 68